LEA AURVÅG

TAKK

I unntakssituasjonar slik den vi står i no blir vi konstant minte på kor langt frå dei vanlige liva våre vi er. Eg blir også veldig oppmerksom på kor heldige vi er som har den kvardagen og i kor stor grad eg har teke den som ei sjølvfølge. Kor heldige vi er som har vanlige, kjedelige arbeids- og skuledagar, og alle menneska som er der saman med oss. Det eg vil ta med meg ut av dette når alt er tilbake som normalt og klasserommet/atelieret er flytta ut av gjesteværelse heime hos foreldra mine, er å huske på denne takknemligheita. Å fortsette å vere bevisst på den, og ikkje ta den vanlege kvardagen vi saknar så sårt no, forgitt.

© 2019/2020 Margrethe Kolstad Brekke  & Martin Andersen